OM SELJA KLOSTER

Selja var eit av dei tre første bispeseta i landet, og eit sentralt religiøst senter i mellomalderen. I dag ligg ruinane av Selje Kloster lett tilgjengelig for besøkjande. 

Det var ikkje ei reint lita bragd å byggje eit slikt klosteranlegg ute i havgapet i mellomalderen. Det var truleg mellom 15 - 20 munkar og eit antal lekbrør på øya.

Historia om St. Sunniva

Selja kloster er bygd til minne om St. Sunniva. Sunniva var i følgje legenda ei irsk kongsdatter som i 960-åra forlot riket sitt etter at vikingane herja der. Sunniva stranda på Selja der ho leid martyrdauden. Kong Olav Tryggvason fekk undersøkt rasstaden 996, og dei søtleg luktande beinrestane av Sunniva låg like heile og urørde, som om ho sov. Leivningane vart samla opp og skrinlagde i relikvieskrin som vart sette inn i kyrkja Kong Olav Tryggvason bygde utanfor hellaren. Sunniva er rekna som vernehelgen for Vestlandet.

Meir informasjon om klosteret og historia finn du her (ekstern link).