TUR TIL SELJA KLOSTER

På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selja kloster, kanskje Norges eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet, til minne om St. Sunniva. Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs fyrste pilegrimstad, med unike kulturminne frå vikingtid og mellomalder.  Bli med oss på ein to-timers guida tur, som startar med ein båttur frå Selje sentrum, og guiding i klosteranlegget før retur til Selje. 

Rutetider 2017

Bestilling av billettar

Billettar til turane må kjøpast på turistinformasjonen, per tel. +47 404 46 011  eller e-post:turistinfo@selje.kommune.no.
Det er begrensa antal passasjerar per tur (30 stk), så vi anbefaler at du bestiller dagen før. 

Grupper og turar utanom ordinær rutetid etter avtale.  

Vakttelefon Klosterbåten: +47 990 46 022

OM SELJA KLOSTER

Norge har to mannlege helgenar, (St.Olav og St.Hallvard) og ein kvinneleg, St.Sunniva, Vestlandets vernehelgen. Ho kom i land på øya Selja. St.Sunnivahola, der Sunniva i følgje legenda døydde, er ei stor fjellhole med murleivningar og spor etter den første kyrkja, vigd til erkeengelen Michael. Frå 1068 til 1170 var Selja bispesete for heile Vestlandet.

«Acta Sanctorum in Selio» - Forteljinga om dei heilage på Selja
Legenda fortel at den irske kongsdottera Sunniva flykta då landet hennar blei hærteke av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Vind og straum førte dei nordover. Båten som Sunniva var i hamna til slutt på øya Selja. Her budde dei i bergholer. Håkon jarl, som tidlegare hadde lagt heile Norge under seg, og var no på veg til øya etter rykter om dei ubedne gjestene. Då dei såg at Håkon Jarl og følgjet hans var på veg, gjekk dei inn i helleren og bad til Gud om at han måtte "gje sjelene deira den ævelege kvila og la englane sine bryte ned fjellet og gravleggje dei under det". Bønene vart høyrde, og berget rasa. Ei stund etter vart Håkon jarl drepen, og den kristne kongen Olav Tryggvason tok over. Uforklarlege ting skjedde på Selja, og fleire og fleire vitemål om dette nådde den nye kongen. Til slutt reiste kongen og bispen ut på Selja. Dei undersøkte staden, og fann levningar etter det irske følgjet. Etter dette bygde dei ei kyrkje på øya, og soga seier at "der har Gud gjort teikn og store gjerningar til denne dag". I 996 fann dei kroppen til den heilage Sunniva, heil og uskadd. I 1170 flytta dei Sunniva til Bjørgvin og sette skrinet i Kristkyrkja.

På øya finn ein og:

  • Tuftene etter den første soknekyrkja, som seinare vart flytta til fastlandet.

  • uinar av St.Sunnivakyrkja, på same staden der Olav Trygvasson bygde ei av dei første kyrkjene i landet.

  • Ruinar av St.Albanuskyrkja, klosterkyrkje vigd til den engelske helgen St.Albanus.

Klosterruinane blir i dag brukte til kyrkjelege handlingar som t.d. messer og vigsler. På sørsida av øya er det óg funne fleire vikinggraver og restar av eit langhus (gard) frå jernalderen.