TUR TIL SELJA KLOSTER

På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selja kloster, kanskje Norges eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet, til minne om St. Sunniva. Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs fyrste pilegrimstad, med unike kulturminne frå vikingtid og mellomalder.  Bli med oss på ein to-timers tur, som startar med ein båttur frå Selje sentrum, og guiding med digital lydguide i klosteranlegget før retur til Selje. Denne måten å guide på , gjer at ein kan få det på tre språk. Ein kan sjølv rusle rundt på anlegget, kjenne på stemninga og få den informasjonen som ein treng med digital lydguide.

SESONG 2019

4 Mai til 23 juni Laurdagar KL. 12.00 ( søndag ved etterspurnad)

Pris: Vaksne: 300.- Born: ( 4 - 12 år ) 100.- Under 4 år gratis.

24 juni til 11 august Daglege avgangar KL. 11.00 og KL. 13.15

Pris: Vaksne: kr 400.- Born: ( 4 - 12 år ) 150.- Under 4 år gratis.

12 august til 29 september Laurdagar KL.12.00 ( Søndag ved etterspurnad)

Pris: Vaksne: kr 300.- Born: ( 4 - 12 år ) 100.- Under 4 år gratis.

Grupper : På førespurnad

Det kjem til å komme eit bookingsystem som gjer at billettar kan kjøpast på nettet.

Meir info: 404 46 011/ turistinfo@selje.kommune.no

www.seljakloster.com Vakttelefon Klosterbåtten: 990 46 022

                                                                                              

OM SELJA KLOSTER

Norge har to mannlege helgenar, (St.Olav og St.Hallvard) og ein kvinneleg, St.Sunniva, Vestlandets vernehelgen. Ho kom i land på øya Selja. St.Sunnivahola, der Sunniva i følgje legenda døydde, er ei stor fjellhole med murleivningar og spor etter den første kyrkja, vigd til erkeengelen Michael. Frå 1068 til 1170 var Selja bispesete for heile Vestlandet.

«Acta Sanctorum in Selio» - Forteljinga om dei heilage på Selja
Legenda fortel at den irske kongsdottera Sunniva flykta då landet hennar blei hærteke av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Vind og straum førte dei nordover. Båten som Sunniva var i hamna til slutt på øya Selja. Her budde dei i bergholer. Håkon jarl, som tidlegare hadde lagt heile Norge under seg, og var no på veg til øya etter rykter om dei ubedne gjestene. Då dei såg at Håkon Jarl og følgjet hans var på veg, gjekk dei inn i helleren og bad til Gud om at han måtte "gje sjelene deira den ævelege kvila og la englane sine bryte ned fjellet og gravleggje dei under det". Bønene vart høyrde, og berget rasa. Ei stund etter vart Håkon jarl drepen, og den kristne kongen Olav Tryggvason tok over. Uforklarlege ting skjedde på Selja, og fleire og fleire vitemål om dette nådde den nye kongen. Til slutt reiste kongen og bispen ut på Selja. Dei undersøkte staden, og fann levningar etter det irske følgjet. Etter dette bygde dei ei kyrkje på øya, og soga seier at "der har Gud gjort teikn og store gjerningar til denne dag". I 996 fann dei kroppen til den heilage Sunniva, heil og uskadd. I 1170 flytta dei Sunniva til Bjørgvin og sette skrinet i Kristkyrkja.

På øya finn ein og:

  • Tuftene etter den første soknekyrkja, som seinare vart flytta til fastlandet.

  • uinar av St.Sunnivakyrkja, på same staden der Olav Trygvasson bygde ei av dei første kyrkjene i landet.

  • Ruinar av St.Albanuskyrkja, klosterkyrkje vigd til den engelske helgen St.Albanus.

Klosterruinane blir i dag brukte til kyrkjelege handlingar som t.d. messer og vigsler. På sørsida av øya er det óg funne fleire vikinggraver og restar av eit langhus (gard) frå jernalderen.