Kalvåg. Foto: Hans Petter Farstad/Wikipedia 

Kalvåg. Foto: Hans Petter Farstad/Wikipedia 

Kalvåg er er ein tettstad på øya Frøya i Bremanger kommune. Bygda ligg yst i havgapet, og  har oppunder 500 innbyggjarar. Namnet Kalvåg kjem truleg frå verbet kala «gjør kald, få til å fryse» som ein betegnelse på at vågen ofte frys til om vinteren. I dag har Kalvåg eit eineståande og gammalt sjøhusmiljø som går for å vere det største og best verna sjøhusmiljøet i fylket. Mange av de gamle sjøhusa er restaurerte for overnatting. Hamna er god, med store offentlige kaianlegg og er no utvida med gjestehavn med flytebrygger ved Knutholmen.