Bli med til Selja Kloster og andre stadar på kysten av Nordfjord

SELJA KLOSTER

Bli med til ein unik historisk stad. 15 minutt med båt frå Selje sentrum ligg øya Selja, og Selja kloster frå 1100-talet. 

12573691_885003281614525_2389597391805865841_n.jpg

CHARTER OG SIGHT SEEING-TURAR

Det er mange flotte stadar langs kysten og innover  Nordfjorden. Små øyar, kystbyen Måløy, og kanskje du vil sjå kvar Stad Skipstunnel skal kome om nokre år? 

RUNDTUR KVAR ONSDAG I JULI

Kvar onsdag i juli tek vi deg med på ein rundtur i havgapet. Til små øysamfunn og til Selja og Selja kloster. 

Selja Kloster. Foto. Thomas Bickhardt/BickFoto

Selja Kloster. Foto. Thomas Bickhardt/BickFoto

Pakketilbod september 2016: OPPLEV LYSET OG LEGENDA PÅ HEILAGØYA

Med det kraftfulle Stadhavet som ramme for turen, inviterer vi deg til ein guida tur til klosterruinane frå 1100- talet på Selja og det unike kulturlandskapet på Stadlandet. Opplev den mektige kulturarven frå vikingtida og mellomalderen. La deg forundre av lyset si magiske kraft der himmel møter hav, la deg fange av stemningar som gjer godt for kropp og sjel. Meir info her.